Searching for Sugar Man

På 1970-talet gav artisten Rodriguez ut eit album i USA. Musikken hans slo aldri an der, men musikken hans fann vegen til Sør-Afrika der Rodriguez enda opp med å bli gigantisk.

Eg unngår detaljane, men kan i korte trekk forklare at Searching for Sugar Man handlar om utforskinga av myta Rodriguez og historiene rundt han.

Ein naturleg skepsis slo umiddelbart inn. Eg hadde lese lite om filmen, og såg han på anbefaling frå fleire. Eg visste lite eller ingenting om historia og retninga filmen skulle ta.

Skepsisen min sat lenge i, men historia som blei fortalt blei berre meir og meir interessant. Filmen leverer etter å ha bygd seg opp og den totale opplevinga klarar både å skape interesse og underhaldning. Forteljarstilen var det som lenge heldt meg igjen, og som er med på å trekke ned. På ei anna side er vinklinga og teknikken med på å skape mystikk. Mystikken treng rundt Rodriguez for å få ein snev av mystikken sør-afrikanarane har opplevd.

Searching for Sugar Man 2012 plakat - Filmdagbok