Second Act

Film / 2018
3/5

Second Act var den andre filmen for kvelden. Han såg ut som ein lett og lystig romantisk komedie å sjå, og det skal ikkje meir til for min del.

Jennifer Lopez spelar ei vaksen kvinne som bur i Queens og jobbar på eit varehus. Ho er ein dyktig medarbeidar og har gode idear for kva ho vil gjere med varehuset når ho har søkt på ei open leiarstilling. Ei stilling ho ikkje får på grunn av manglande utdanning.

Men når hennar vaksne nevø lagar ein onlineprofil for ho med falsk CV og heile pakka, blir ho invitert til jobbintervju for ei konsulentstilling hjå ein stor kosmetikkprodusent sentralt i New York. Dette blir hennar nye sjanse på ei karriere, hennar second act, som er eit omgrep for kva ein person viar seg til seinare i livet eller i vaksen alder.

Second Act er ein god produksjon. Han verkar påkosta på eit vis, noko som er kjekt når historia er så enkel som ho er. Mange romantiske komediar i dag er dei som kjem på straumetenester, og dei er ikkje alltid så storslagne. Dette er med på å gjere filmen til ei god oppleving, men ikkje så mykje meir.

Det filmen i stor grad fekk meg til å tenke på, med alle sine verkemiddel, typar karakterar, innskotne etableringsbilder og så vidare, var romantisk komedie frå tidleg 2000-tal. Så har du sansen for dei, så kan du trygt sjå Second Act.

Second Act 2018 plakat - Filmdagbok