Second Chance Christmas

2017 / Film
22. desember 2018
3/5

I Second Chance Christmas, som i Noreg òg har gått under tittelen Love Strikes Twice, møter me eit par som får ein ny sjanse til å vere i lag. Kvinna i ekteskapet, Caroline, blir påkøyrt på veg til å levere skilsmissepapira. Dokument som mannen i ekteskapet, Jack, har signert i trua på at det var andre dokument. Då Caroline vaknar igjen har ho gløymt dei siste åra i livet sitt.

Jack nyttar sjansen til å forsøke å skape forholdet deira på nytt. Han dekkar over det han trur har ført til avstanden mellom dei to, og vil gjenskap det første lukkelege året dei hadde i lag. Blant anna seier han til Caroline at dei likte å ha det rotete, så han skal sleppe å rydde. Medan sanninga var at Caroline var eit ordensmenneske.

Filmen er ei grei romantisk komedie med eit føreseieleg utfall. Det er artig og enkel underhaldning, og filmen har eit godt driv. Men det er verken mykje nytt å hente her, eller ei meir enn god nok gjennomføring. Filmen er ein typisk billeg produksjon av ein julefilm, laga for video eller tv. Med falsk snø, innspelingar ute på ei anna årstid enn vinteren.

Second Chance Christmas 2017 plakat - Filmdagbok

Relaterte innlegg