Secondløitnanten

Espen Skjønberg spela i lag med Bjørn Sundquist i En håndfull tid, kunne eg ha vore meir begeistra. Møte desse to i mellom i Secondløitnanten, er nettopp det eg såg fram til den gongen og fekk denne.

Hans Petter Moland har samla fleire solide skodespelarar til denne norske krigsfilmen. Me flyttar oss til tilbake i tid, til tyskarane sin invasjon av Noreg, og følger ein eldre sjømann som vervar seg til dei norske forsvarsstyrkane. Espedal (Espen Skjønberg) blir sett ned på grunna alder og bruken av datert rang, men beviser seg sjølv som ein ekte fridomskjempar.

Espedal er ein person som er lett å like i ei hovudrolle. Han er ein helt, men har sine feil, utan at han må oppføre seg som ein idiot for å vise ei slik side. Filmen består i all heilskap av veldig få episodar eg stiller spørsmål til, og får fram både realitetane i ei enkelt motstandsgruppe og situasjonen i landet. At me veit utfallet betyr ikkje noko i negativ forstand, men gjer heller at historia kan bli fortalt på ein lysare måte, då mørke uansett lurer i bakgrunnen. Nettopp dette gjer Secondløitnanten til ei tidvis lystig, ikkje useriøs, forteljing.

Secondløitnanten 1993 plakat - Filmdagbok