Secret Admirer

Michael har fått eit brev frå ein beundrar. Han håper og trur det er Debbie, jenta han likar, og får den felles venninna Toni til å overlevere eit eige komponert brev. Så hamnar brevet på avvege, og alt blir berre kluss.

Filmen si handling kan verke litt enkel, mykje på grunn av at me som publikum raskt skjønnar kven som har sendt det første brevet, og at forviklingane undervegs ballar på seg etter eit kjent mønster. Det som reddar Secret Admirer frå å bli ei tidtrøyte er ein slask i hovudrolla, som til tider er ein idiot og er stein dum.

Michael (C. Thomas Howell) likar Debbie (Kelly Preston), trass i at ho ikkje er noko spesielt å like, sett bort frå eit pent ytre. Han er fullstendig fortapt i denne overflatiske forelskinga si, og overser alt anna. Så er det Toni (Lori Loughlin), som skriv om breva til Michael, dette snur utviklinga i ei retning som liva til desse ungdommane ikkje er meint å ta, ut i frå deira plassar i eit fiksjonunivers av denne typen. Men det er når breva som blir sendt rundt hamnar i fanget hjå foreldra til Debbie og Michael, og kjensler oppstår på tvers av ekteskapa, at filmen blir krydra med komiske augneblinkar. Desse hindrar han i å gå seg tom i løpet av ein halvtime.

Kompleks, men ikkje fullt så kompleks likevel, kan filmen seiast å vere. Han leverer meir enn forventa, og det er nok til at han gir eit godt inntrykk. Dessutan er han morosam, og Lori Loughlin er heller ikkje å fornekte. Undervurder aldri den søte jenta i amerikansk ungdomsfilm frå åttitalet. At Kelly Preston spelar akkurat same type jente, i same type rolle, som i Mischief, ungdomsfilmen frå same årstal, er ein liten bonus for den sjangerinteresserte.

Secret Admirer 1985 plakat - Filmdagbok