Seems Like Old Times

Eg har stort sett sansen for komediane med Chevy Chase. Han er blant dei komikarane som ofte er artig med nærværet sitt åleine, og der alt komisk på toppen av dette berre gjer ein film betre.

Men Seems Like Old Times er inga stor oppleving. Dessverre fell dette delvis i grus. Mykje av komedien til filmen støttar seg på at historia og situasjonen skal vere artig. Bankranet og kidnappinga til hovudpersonen Nicholas Gardenia (Chevy Chase) er ikkje spesielt gøy i seg sjølv, og filmen har lite meir å by. Det er lite å hente i detaljar, og Chevy Chase åleine klarar ikkje redde dette med sin vante stil.

Seems Like Old Times 1980 plakat - Filmdagbok