Seinfeld (1989–1998)

Serie / 22. april 2016
5/5

Seinfeld er min desidert største favorittserie gjennom tidene. For tredje gong har eg sett meg gjennom dei 173 episodane frå start til slutt.

Jerry Seinfeld, Michael Richards, Jason Alexander og Julia Louis-Dreyfus spelar dei fire sentrale karakterane Jerry, Kramer, George og Elaine. I løpet av ni sesongar følger me dei gjennom absurde og meiningslause problem i det daglege.

Det startar med enkle og meir jordnære episodar i seriens første sesongar frå 1989 og utover. Før serien utviklar seg til å bli meir samanhengande i midtpartiet, til å levere dei kanskje mest absurde handlingane mot slutten.

Ved tidlegare møter med Seinfeld har eg sett mest pris på det som skjer frå tredje og fjerde sesong og utover, ettersom desse i større grad har funnet forma og perfeksjonert den. Denne gangen merket eg meg at det helt i frå starten av er en ypparleg serie.

Første sesong er kort og har nokon morosame episodar. Andre sesong er akkurat lang nok, med stort sett gode episodar. Skodespelet er useriøst frå fleire hold, men det gjer det heile morosamt på sin eigen måte.

Tredje sesong har litt fleire episodar utanfor leilegheita til Jerry, noko som sikkert har med at serien her byrjar å få fotfeste og budsjett. I fjerde sesong byrjar serien å ta litt meir form. Eg har ingenting å utsette på dei tidlegare episodane, men denne sesongen har tilført meir samanheng enn tidlegare. Gjesteroller blir introdusert i ein episode, for så å komme tilbake seinare. Dette er også sesongen der George og Jerry jobbar for å få ein komiserie hjå NBC, og resultatet blir elegant vist fram i den siste episoden av sesongen.

Mens serien i tredje sesong viste teikn til meir samanheng, har dei gått så langt i fjerde sesong at det blir vanskeleg å stoppe å sjå. Likevel har det enkle ved kvar episode som avsluttande kapittel blitt bevart. Ein fin balanse.

Seinfeld er ein serie som altså blir betre og betre etter kvart. Går me til sjette sesong så klarer den fint å blande nye vitsar med morosame referansar til tidlegare episodar. Kramer ser ut til å spele en større rolle, og det same med Elaine.

Larry David trakk seg ut før åttande sesong. Noko som førte til at Jerry Seinfeld fekk meir å seie for tonen til serien. Kort sagt betyr det at serien er blitt meir surrealistisk og rytmen annleis. Etter sju sesongar er det akkurat dette som er nødvendig for å holde underhaldninga frisk.

Niande sesong var den villaste. På ein god måte. Men ein gong måtte nok serien gi seg, og Seinfeld gir seg før det rekker å bli dårleg. Det flotte med at serien har blitt stadig spissare er at den har unngått å gå seg sjølv altfor mykje i reprise.

Sjølv etter tredje gjennomsyn er det vemodig å sjå dei siste to episodane, Seinfeld har sete sine spor i historia og i mitt eige forhold til seriar. Og eg ser ikkje vekk i frå at nok eit gjensyn kan skje om nokon år.

Seinfeld 1989-1998 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

NBC

Skaparar

Larry David (I), Jerry Seinfeld

Skodespelarar

Jerry Seinfeld, Michael Richards (I), Jason Alexander (I), Julia Louis-Dreyfus, Ruth Cohen (I), Wayne Knight (I), Norman Brenner, Heidi Swedberg, Estelle Harris, Jerry Stiller

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Seinfeld

Forfattar