Seksmisja

Polen, 1984. Det er lov å vere skeptisk.

Seksmisja er ein polsk science fiction-komedie som i løpet av åra har fått ein dedisert kultfilmbase, noko som det kan vere vanskeleg å fatte før du ser filmen. Med tittelen og handlingsreferatet er det lett å lure. To menn i ei feministisk framtid, fri for menn.

Ein herleg kinoplakat var det som fanga merksemda mi, i lag med ein tittel som vekte nysgjerrigheita kring i kva grad dette er en seriøs film eller erotica. Etter litt forarbeid viste det seg å vere en dystopisk komedie.

Max og Albert melder seg frivillig til å bli nedfrosne. Planen er å bli tint opp tre år seinare. Det skjer ikkje. Dei vaknar opp mykje seinare til ei verd utan menn. Til ein sivilisasjon under bakken med kvinner og atter kvinner.

Seksmisja har også enkle spesialeffektar og sprø, elektronisk musikk. Ideane er mange og fantasien er rik, og kulissene imponerande nok å sjå på. Gjennom alt dette lyser det ein humor som fungerer tilfredsstillande både frivillig og ufrivillig. Historia er også interessant. På denne måten blir det enkle bra.

Filmen er lett å like. Frå første minutt aner du at dette går den rette vegen. Det er lett å le av han.

Overbevisande skodespel og teknisk overlegen er han ikkje. Men bak komedien ligg det ei politisk stemme frå filmskaparen Juliusz Machulski, ein mann som blei svært så populær i Polen på 1980-talet med politisk satire og komedie.

Seksmisja har sjarm og er ei positiv overrasking frå ein periode og geografi eg har lite kjennskap til. Det kan vere ein fordel å like science fiction og ha låge forventingar, men reint bortsett frå det er filmen verken spesielt einsretta mot nerden eller mot menn, trass i flommen av kvinner over skjermen.

Seksmisja 1984 plakat - Filmdagbok