Sennen joyû

To dokumentarfilmskaparar har oppsøkt eit pensjonert ikon av ein kvinnelege skodespelar, og får lov til å intervjue henne. Ho fortel så livshistoria si der privatlivet og filmane går over i kvarandre. På stadig jakt etter sin første kjærleik jagar ho gjennom film etter film, med filmskaparane på slep.

Sennen joyû er som mange filmar i ein. Han er fullproppa med surrealistiske trekk utan at det går på rekning av den triste historia om ei ung jente som blir vaksen, og deretter gammal, og som går glipp av gledene i livet i si evige jakt.

Eg klarar sjeldan å skape ei emosjonell tilknyting til animerte karakterar, og det gjorde at eg ikkje fekk så mykje ut av denne filmen heller.

I ettertid tenker eg først og fremst på dette som ein original og eventyraktig, men trist film.

Sennen joyû 2001 plakat - Filmdagbok