Seppuku

Film / 1962
4/5

Seppuku er ein japansk film om to roninar, tidlegare samuraiar som ikkje lenger har meistrar, og deira møte med seremonielt sjølvmord.

Det er vanskeleg å sette gode ord som står i stil med denne gode filmen. Han er stilig, har lågt tempo, er over to timar lang og fortel ei historie om brutale kår. Filmen krevde mykje tolmod frå meg, men totalen eg blei servert var ein film som levde opp til klassikarstatusen.

I korte trekk handlar det om ein ronin som ber om å få begå seremonielt sjølvmord i hagen til ein rik mann. Eit sånt sjølvmord skal bli gjort på rett måte. Den rike mannen har vore borti ein annan ronin som tidlegare ba om det same, men då i forsøk på å bli sendt på dør med eit par myntar i handa. Difor har ikkje den rike mannen særleg tiltru til roninen vår.

Seppuku gir godt innblikk i gamle tradisjonar og levemåtar i Japan. Han fortel om historie og ei historie i ei fin blanding. Og det er alltid på kanten til å vere for lite som blir formidla, noko som tilfører ein nerve og ei spenning, men også eit behag over å ha god tid til å nyte ein film som er resultatet av dyktige folk.

Seppuku 1962 plakat - Filmdagbok