September

September kan minne litt om den tidlegare seriøse filmen til Woody Allen, Interiors, i måten han har gjort depresjon til eit sentralt tema og rolla miljøet har for å forsterke kjensla av å ikkje vere heilt heime – ikkje direkte kaldt, men litt kjølig.

På ei anna side er September ein lystigare film med meir fokus på forviklingar i situasjonane som oppstår når menneske møter kvarandre, og ikkje har kontroll over kven dei forelskar seg i. Dette gir rom for både det triste og komedien i det lukka miljøet av eit hus handlinga skjer i. Her var intensjonane til Woody Allen å lage eit teaterstykke på film, med fleire lange takingar og minimalt av effektar.

Mia Farrow passar ganske godt inn i rolla som kvinne i ein tung livsfase. Ho er ein plass i mellom å vere håplaus, trist og irriterande irrasjonell, ei slitsam kvinne å ha med å gjere. Plakaten hintar til ein bipolar mentaltilstand. Dei andre rollene i filmen er med på å nøytralisere ho og balansere persongalleriet til å gjere dette til ei roleg filmoppleving framfor eit stressande forviklingsdrama.

September 1987 plakat - Filmdagbok