Serenity

Bra gjort, Joss Whedon. Ei verdig fortsetting på serien Firefly etter min smak.

Filmen hadde alt som skulle til, og det var bra gjennomført. Nokre trist stunder innimellom for oss Firefly-fans, men dei gjer kanskje filmen meir komplett og meir truverdig. Humoren er god, og han passar godt til persongalleriet slik eg kjenner dei frå serien. Men viss det var westerndelen av serien som interesserte deg mest, så kan det godt vere at du blir skuffa, for her er det andre saker som har blitt prioritert.

Ein annan ting eg likte med denne filmen er at dataanimasjonen har blitt godt skjult, og at historia ikkje er avhengig av spesialeffektar heile tida til å fylle bilde. Det er dataanimasjon her, og sikkert nok av det, men når det gjeld slåstinga til River (Summer Glau) så er det ikkje brukt. Filmskaparen går for å gi ei ekte stemning, og ikkje berre følge i fotspora til mange andre effekttunge science fiction-filmar.

Viss du har planar om å sjå filmen, noko eg sterkt vil anbefale, så vil eg også anbefale deg å sjå serien Firefly først. Han er kanskje ikkje heilt komplett, men så følger filmen på som fortsetting.

Serenity 2005 plakat - Filmdagbok