Serious Moonlight

Ian vil ha skilsmisse med kona, Louise, og har tenkt å sei det i eit brev. Men Louise som kjem heim tidlegare enn det som var meininga, og får lese brevet mens Ian framleis er der, godtar det ikkje.

Serious Moonlight er ein film som baserer seg mest på dialog, og har relativt få sceneskifte eller anna handling. Ian (Timothy Hutton) er for det meste teipa fast i eit eller anna møbel, mens Louise (Meg Ryan) spring rundt, og prøver å ikkje framstå som for galen i den gale rolla.

Eg har ingenting i mot ein film drive av dialog, og denne har òg eit godt utgangspunkt i eit seriøst tema, og ei handling som botnar ut i gode intensjonar. Men det komiske er på langt nær så godt gjennomført som det tematiske, og desse to delene krasjar.

Serious Moonlight endar opp med å bli ein tåpeleg komedie, der den seriøse stemma så vidt, i blant, klarar å bryte seg fram, men ikkje nok. Det er i grunn veldig synd, for dette er ein film med potensiale.

Adrienne Shelly har skrive manus, men fekk aldri regissert filmen sjølv, grunna sitt eige dødsfall. Hadde ho fått gjort det, kan det hende komedien hadde blitt løyst annleis, og filmen hadde blitt betre, meir i tråd med det gode resultatet ho oppnådde med Waitress.

Serious Moonlight 2009 plakat - Filmdagbok