Seven Chances

Seven Chances er ein romantisk og fysisk komedie med stumfilmlegenda Buster Keaton frå 1925. Støtta av pianomusikk og tekstplakatar blir historia om James Shannon som skal gifte seg fortalt på 56 minuttar.

James og partneren ligg an til å gå konkurs og bli saksøkt. Redninga dukkar opp i form av arv. Haka er at James må gifte seg innan klokka 19.00 same kveld.

Filmen tar for seg ein velkjent Buster Keaton-karakter. Utilpass og klønete i samhandling med folk, men lur og med eit godt hjarte. Det er meininga me skal ha sympati for han. Ting blir vanskeleg, og han kan ikkje alltid for det. Men me skal òg le av han, for det meste av det komiske han gjer er han skyld i sjølv.

Eg tykkjer litt synd i James Shannon. Det er nok til at tidspresset går innpå meg, og at filmen blir meir enn berre ei rekke fysisk humoristiske innslag på rad. Seven Chances lykkast med oppbygginga si.

Før eg sette meg ned med filmen forventa eg mest humor og mindre romantikk. På grunn av lite forarbeid var det namnet Buster Keaton som mana fram denne tanken. Eg ønska nok mest å bli underhalda av god komedie, men var positiv til at filmen var meir.

Eit av dei best regisserte innslaga i filmen var da James blei jaga over haug og hole. Titals ugifte kvinner er forbanna på han og det er lynsjestemning. Her leverer Buster Keaton det han er verkeleg god på: Høgtempo spenning med vanvittige stunt som berre må vere ekte, utan pause.

Seven Chances er valuta for pengane. Eg fekk det eg var ute etter og meir. Det mangla ikkje på overraskande stunt eller kjappe vendingar. Og på toppen av alt har filmen hjarte.

Seven Chances 1925 plakat - Filmdagbok