Seven Psychopaths

Med Seven Psychopaths var det meir dei låge forventingane som ikkje stemte, og evna til filmen til å endre tempo og dermed stil som gjorde mest inntrykk på meg.

Seven Psychopaths er ikkje ein fantastisk film, men ein grei og god svart komedie, som krydrar det til med draumesekvensar, metafilmdiskusjonar og andre grep for å tilfredsstille den litt over gjennomsnittleg interesserte.

Filmen er på ingen måte smart, men heller lur. Og han evnar i bygge seg opp i ulike deler, med ulikt tempo og nok variasjon til å halde ut i nærare to timar, samtidig som det er framdrift mot ein endestasjon.

Ærleg talt tenker eg at Seven Psychopaths fort vil gå i gløymeboka på grunn av smak og behag og litt likegyldigheit, men det var eit over gjennomsnittleg stykke enkel underhaldning når det varte.

Seven Psychopaths 2012 plakat - Filmdagbok