Sex and the City (1998–2004)

Serie / 9. januar 2014
4/5

Sex and the City har sin plass i tv-historia, og treng ikkje den store introduksjonen, men kan likevel kort bli oppsummert: Det handlar om fire damer i New York, om deira sexliv, singelliv og forhold. I uformell, men romantiserande stil blir me gjennom halvtimesepisodar gang på gang dratt med inni damenes innhaldsrike liv. Repeterande, men levande nok til å holde det gåande.

Før eg sette i gang med Sex and the City hadde eg aldri sett serien før. Ikkje ein episode. Eventuelle samanliknar og referansar i andre populærekulturelle medium har eg oversett, og eg synst det var på tide å gjere noko med. I tillegg var første sesong kort, billeg, og eg var nysgjerrig på damesnakket.

Interessant var det innimellom, men verken forteljarstil eller raud tråd gjorde inntrykk. Eg fekk aldri den store trongen til å sjå neste episode. Når avsluttinga i siste episode ikkje gav meg anna kjensle enn at det var greit å vere ferdig. Men så så eg likevel andre sesong, og tok heller pause etter han.

Det er enten årene som har gjekk mellom eg så andre sesong av Sex and the City, til eg starta med tredje og fullførte serien i slutten av 2013. Eller det er for mykje middels serie siste tida som har gjort det, men eg fekk verkeleg sansen for HBO-serien frå og med tredje sesong.

I motsetnad til dei to første sesongane, der eg aldri blei hekta, men tok episodane over tid, hadde eg stor glede av serien i denne omgang. Då eg så første sesong i 2007 kom eg rett frå et Entourage-maraton på to sesongar, og så ein god del kvalitetsfilm, og forventa nok det beste av det beste. I denne omgang sette eg større pris på kvalitetane i Sex and the City, ettersom eg har sett meir middels film og tv siste tida. Kvalitetane eg først og fremst tenker på er dialogen og produksjonen. Serien er vittig, stilig, har god musikk, det er kjemi, det er dramatikk. I aller lengste forsøk på å strekke samanlikningane har også Sex and the City ein snev av Seinfeld i seg, som i måten enkle (og mindre enkle) problem blir blåst opp. Og alt som får meg til å tenke på Seinfeld på den måten, heller enn det typiske at Seinfeld var betre, er et pluss.

Så til slutt så det ut til at også denne HBO-serien leverte. Det er få som ikkje gjer. Tidsmessig, med tanke på lengda på episodane, så er det perfekt med halvtimeslengda når blandinga er humor og drama.

Sex and the City 1998-2004 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Sex and the City, HBO

Skapar

Darren Star

Skodespelarar

Sarah Jessica Parker, Kim Cattrall, Kristin Davis (I), Cynthia Nixon, David Eigenberg, Chris Noth, Willie Garson, Kyle MacLachlan, John Corbett, Evan Handler

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Sex and the City

Forfattar