Sex and the City 2 (2010)

Film / 13. januar 2014
2/5

Den andre filmen med Sex and the City-damene var ein nedtur frå både Sex and the City-serien og den første Sex and the City-filmen på fleire måtar. Det verkar som den førre filmen gjorde seg ferdig med å fortelja historia om damene, og denne blir unødvendig fyllmasse.

Det sagt, filmen går heilt greitt ned, men mest på grunn av flyten eg allereie var inni, nyleg ferdig med titlane som er nemnt over. I skrivande stund er det eit par veker siden eg såg Sex and the City 2, og eg hugsar problema som utgjorde den emosjonelle kjerna i filmen som trivielle, også i romantisk drama-samanheng.

Overraskande nok har eg ingen problem med lengda på filmen, som strekker seg opp mot to og ein halv time. Men eg ser ingen grunn til å anbefale filmen vidare.

Sex and the City 2 2010 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Sex and the City

Regi

Michael Patrick King

Manus

Michael Patrick King, Candace Bushnell, Darren Star

Skodespelarar

Sarah Jessica Parker, Kristin Davis (I), Cynthia Nixon, Kim Cattrall, Minglie Chen, Chris Noth, David Eigenberg, Evan Handler, Alexandra Fong, Parker Fong

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Sex and the City 2

Forfattar