Sex, Lies, and Videotape

Etter å ha sjekka resymeet til Steven Soderbergh oppdaga eg at eg faktisk har sett ein del av han før. Filmar som Traffic, Ocean's Eleven og Ocean's Twelve og Solaris.

Sex, Lies, and Videotape blir ganske annleis samanlikna med dei eg har sett, ettersom han er mykje meir jordnær og menneskeleg. Det er ikkje noko omfattande og kriminelt som i Traffic eller utanomjordisk som i Solaris. Dette kunne ha skjedd i nabolaget ditt, iallfall i verste fall. Det kunne for så vidt Traffic og.

Eg likte iallfall denne filmen mykje betre enn Traffic. Eg klarte å få kontroll på handlinga her, og karakterane samtala på ein måte som var absolutt fengslande. Det skal heller ikkje leggast skjul på at dei erotiske tema som blir tatt opp i flesteparten av samtalane var interessante.

Tidlegare har eg nemnt at eg ikkje likar Andie MacDowell. Men her var ho ikkje eit problem. Rett nok tykkjer eg framleis ikkje at ho er noko særleg pen, men det er vel kanskje ikkje direkte sakleg å skrive om i denne samanhengen.

Peter Gallagher er som alltid stilig, og med eit bilde av han danna gjennom The O.C. så klarar eg ikkje førestille meg han som nokon dritsekk, uansett kva han gjer her. All ære til mannen med dei store augebryna, og Steven Soderbergh, og alle dei andre.

Sex, Lies, and Videotape 1989 plakat - Filmdagbok