Shadow of a Doubt

Alfred Hitchcock skuffar sjeldan. Shadow of a Doubt hamnar litt nedpå lista mi i kamp mot dei andre filmane hans, men er utvilsamt ein god film.

Familien Newton får besøk av favorittonkel Charlie, spesielt vesle Charlie, ei jente i dette tilfelle, ser opp til onkelen sin. Ho påstår dei har eit telepatisk band, nesten som to tvillingar.

Men onkel Charlie har ei mørk side. Så gradvis at du aldri legg merke til det blir forandra frå idyll til mareritt, filmen er fullspekka med detaljar som frampeik og byr på spenning så vel som gledesstunder.

Naturleg nok er vesle Charlie prega av dette. Gjennomføringa med utspekulerte kameravinklar og få ord om den faktiske handlinga gjer dette endå meir til ein sjåverdig film.

Shadow of a Doubt 1943 plakat - Filmdagbok