Shadows and Fog

1992 og svart-kvitt. Mange kjente skodespelarar i større og mindre roller. Skoddefylt by, seriemordar, horer og sirkusfolk. På papiret har Shadows And Fog mykje for seg. Som film er det ikkje så engasjerande som det er lov å håpe på, sjølv om Woody Allen held seg i taumane og humoren handlar lite om nevrotikaren.

Eg saknar den kalde kjensla av skodde og eit mordmysterium som skulle fange meg, men eg likar bilde og alt som har med kamera å gjere. Måten kjente ansikt i biroller aldri tar stel fokuset frå filmen i heilskap. Skumlare film og meir spissfindig dialog hadde ikkje vore å fornekte.

Shadows and Fog 1991 plakat - Filmdagbok