Shallow Hal

Film · 2001 · · 1. juli 2015
3/5

Hal (Jack Black) spelar ein overflatisk type som berre ser på utsjånaden når han går etter damer. I den manglande interessa hans for personlegdommen til damene, har han heller ikkje funne ei som han har hatt eit varig forhold til.

Så ordnar ein motivator og foredragshaldar det slik at Hal ikkje ser den faktiske fysikken til personar, men eit førestilt ytre basert på personlegdommen til personen. Likevel om han ikkje kjenner personen det er snakk om. Stort sett viser det seg at stygge blir pene, og pene blir stygge.

All mangel på logikk til side, og alle meiningar som ved nærare ettersyn er usmakelege, så er filmen plankekøyring. Formelen er kjent og fungerer framleis for romantiske komediar: Ein person i ein uønskt posisjon får livet snudd på hovudet, blir forelska, får livet snudd tilbake, og må ordne opp i forelskinga.

Det som hevar filmen så vidt over middels er effekten av mangelen på logikk, og ei lita interesse for å sjå korleis historia tilsynelatande heng saman.

Les også meldingar på cinerama.no (norsk) og filmfront.no (norsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
Shallow Hal 2001 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Gwyneth PaltrowJack Black (I)Jason Alexander (I)Vis alle

Sjangrar

Land