Shane

Shane (Alan Ladd) er ein dyktig pistolmann lei av det livet dette fører med seg. Han siktar på å slå seg ned på ein liten gard som gardshjelp, men hamnar midt oppi ei konflikt som tvingar han til å bruke gamle kunster.

Shane er både eit dramatisk og eventyrleg western. Fargerikt og stort, og med ei sterk historie som er tydeleg på poenga og konfliktane sine.

Dette er filmen om ein god helt. Shane står opp for rettferd og eigedom. Vennskap og familie har også sin plass. Det handlar ikkje utelukkande om konflikt heller, men oppbygginga av dei positive sidene på garden har nok både rolle som stemningsskapar og kontrast til følgjande alvor.

Eg har sansen for Shane både som film og karakter, og kan anbefale dette som ein litt meir positiv western, som framleis handlar om pistolmenn og bandar.

Shane 1953 plakat - Filmdagbok