Shanghai Knights

Jackie Chan og Owen Wilson er tilbake i oppfølgjaren til Shanghai Noon. Denne gongen flyttar me oss til London.

Dette er ein underhaldande film, lik sin forgjengar. Ein tøysete film og det eine humoristiske innslaget etter det andre. Jackie Chan har den fysiske komiske stilen og bidrar sjølvsagt med nokon gode kampsportinnslag, og Owen Wilson bidrar med sin avslappande stil.

Historia er enkel, men ikkje det viktigaste i ein film som denne. Likevel om eg skal innrømme at med ei lengde på nesten to timar, så hadde det gjort seg om han var betre.

Dette er ein film som prøver å gjere humor ut av historiske karakterar. Dette tykkjer eg ikkje er spesielt morosamt i seg sjølv, men Shanghai Knights gjer det heilt greitt fordi om.

Shanghai Knights 2003 plakat - Filmdagbok