Shanghai Noon

Film / 2000
3/5

Jackie Chan og Owen Wilson kjempar seg med basketak gjennom den ville vesten i Shanghai Noon. Brett Ratner skal ha skryt for å ha fått Jackie Chan tilbake til USA med Rush Hour, som første film sidan Cannonball Run frå 1981.

For Jackie Chan har ein del morosame filmar med rå slåsting der han brukar stort sett alt han kan finne rundt seg. Om ikkje anna enn enkel komedie, humoren reddar underhaldninga i hamn. Ingenting spesielt var å forvente her, så filmen er absolutt godkjent i den forstand.

Owen Wilson er nok ein person som dei fleste har eit hat- eller elskforhold til. Hjå meg er han eni av dei definitive favorittane innan den såkalla frat pack-gjengen, og er seg sjølv så godt som fullverdig også i denne filmen.

Shanghai Noon 2000 plakat - Filmdagbok