Shao Lin si

Shao Lin si baserer seg på ei historie sett til det opphavlege buddhistiske Shaolin-tempelet i Kina. Framstillinga er i stor grad oppdikta.

Jet Li har hovudrolla som den rømte sonen til ein slave, som søker hjelp i tempelet. Han er opprørsk og passar ikkje inn, men dei hjelp han likevel. Og i denne samanhengen blandar dei seg inn i kampen om å redde keisaren frå ein general som har gjort eit militærkupp.

Det beste og verste med Shao Lin si, er den store mengda med slåsting. Shao Lin si blander fleire typar av kampsportfilm. Han har både slåsting for slåstinga sin del, og legg også vekt på teknikk og trening. Som er å forvente med handlinga sett til den eldste kampsportinstitusjonen i Kina. Det betyr at me får mykje god slåsting ut av filmen, og at det er dyktige folk som utfører det. Men i periodar blir det så lange sekvensar at eg nesten gløymer kvifor dei slåst.

Eg har også problem med å følge tråden. Det er ikkje komplisert, men rytmen, forma og namna til karakterane er uvane. Å lese et samandrag på førehand hadde gjort susen.

Shao Lin si 1982 plakat - Filmdagbok