Sharing Christmas

Film · 2017 · · 29. november 2020
2/5

Som over gjennomsnittleg interessert i julefilmar, så har eg tidlegare år sett mange av julefilmane frå Hallmark. Sharing Christmas er den første slike eg ser i desse førjulstider. Valet av film fall på ein som var tilgjengeleg på norsk straumteneste, samt hadde passe høg rangering på IMDb.

Filmen handlar om ei kvinne som driv ein julebutikk. Butikken står i fare for å måtte legge ned, då bygningen som butikken er i skal bli seld og bygd om. Inn i livet kjem ein eigedomsmeklar som arbeidar for selskapet som står bak oppkjøpet. Han får augo opp for både julebutikken og kvinna.

Etter den introduserande fasen av filmen, så skjer det ikkje så mykje meir verdt å nemne. Filmen glimrar med fråver av både spenning, konfliktar og generelt sett utvikling. Alt stagnerer, og filmen driv rundt i ørska i godt over ein time. Før han rundar av på det meste føreseielege vis.

Det med å vere førseieleg er i grunn ein ting eg ikkje har i mot. Men ein film må i det minste kunne by på god film undervegs. Sharing Christmas kan skilte med ein mannleg skodespelar som verkar å vere flink, og som gir rolla si karakter. Den kvinnelege skodespelaren er blotta for dette. Så det ein enkel film av dette slaget kunne ha redda seg inn på, som er karakterane og samspelet dei i mellom, oppnår han ikkje.

Sharing Christmas er ein julefilm du fint kan unngå å sjå.

IMDb-logo
Sharing Christmas 2017 plakat - Filmdagbok