Shark Tale

Ikkje dårleg, men heller ikkje god. Eg tykker desse orda passar godt til å skildre filmen. Det som er kult er at så mange kjente folk har gitt stemme til fiskane, som Robert De Niro og Will Smith.

Men historia er tam. Animasjonen er ikkje spesielt lekker, og eg håpar ikkje den einaste føresetnaden til filmen var at han skulle vere animert. For då mislukkast han.

Overtydeleg moralisering er eit anna problem med slike barnefilmar. Ikkje forstå meg feil, moral kan vere ein god ting. Men når det blir servert på teskei og er dårleg moral, så blir det berre idiotisk.

Og greia med at folka har skapt ansiktstrekka til fiskane i stil med folka som har stemmene blir berre rart når filmen sannsynlegvis blir dubba utanfor USA. Meininga blir borte vekk med det. Kanskje barn ikkje ville ha brydd seg, men det einaste eg i så fall interesserte meg for når eg såg filmen, ville ha blitt borte om eg hadde blitt servert ein dubba versjon.

Shark Tale 2004 plakat - Filmdagbok