Shaun the Sheep Movie

Forventingane til Shaun the Sheep Movie var ikkje dei største. Serien er fornøyeleg, men helst i små dosar. Men her har overgangen frå serien Shaun the Sheep til langfilmen blir gjort på ein god måte, og resultatet er ein artig og underhaldande film.

Med andre ord er dette fornøyeleg frå start til slutt. Meir enn serien om eg skal bruke han som målestokk. Detaljnivået til Aardman Animations er herleg, og mykje god komedie ligg i små ting som skjer rundt og i bakgrunn av karakterane. Miljøet er større og meir omfattande. Og ikkje minst heng dette godt saman.

Mange små historier er fletta saman, og gjennom desse går ein raud tråd som handlar om forsvinninga av bondet til byen og forsøket til sauene på å få han heim att.

Eg kjedar meg ikkje eit minutt, og med det byr desember på nok ein kandidat til hamna på topplista over dei beste filmane i 2015.

Shaun the Sheep Movie 2015 plakat - Filmdagbok