Shaun the Sheep

Serie / 2007–2016
4/5

Sauen Shaun dukka opp i Wallace & Gromit i 1995, som ein sau i A Close Shave. I 2007 har han igjen dukka opp i ein Aardman Animations-produksjon, sin eigen serie Shaun the Sheep.

Shaun the Sheep er nok eigentleg ein barneserie, men ein god ein sånn sett. Utan tale, men med godt forståeleg handling. Strukturert og enkel oppbygging og med ein poengfylt slutt på dei fem minuttar lange episodane.

Veldig enkel moro og sprø karakterar gjer dette underhaldande for vaksne så sant som at det må vere ganske så kjekt for barn å sjå på. Eg har kost meg med serien heile vegen.

Shaun the Sheep 2007-2016 plakat - Filmdagbok