She Done Him Wrong

She Done Him Wrong kom ut like før sensuren av amerikanske filmar trådde til som verst på byrjinga av 1930-talet. Filmen er dristigare i både språk og tematikk enn Hollywood-filmen var dei neste tiåra.

Mae West er stjerna og spelar mot blant anna ein ung Cary Grant. Mae West er frekk og frisk i talemålet og snurrar mann på mann rundt veslefingeren. Utspel som «Why don't you come up sometime and see me?» krydrar filmen, men var forbode i Hollywood allereie året etter.

Likevel om filmen har ei sterk og minneverdig kvinnerolle i hovudsete, så er handlinga passe kjedeleg. Det er lite som skjer utanom snakking, og snakket fangar ikkje interessa mi før filmen nærmar seg sitt siste kvarter.

She Done Him Wrong 1933 plakat - Filmdagbok