She Made Them Do It

Då to personar blir drepe i leilegheita hennar, blir Sarah (Jenna Dewan) fengsla for medverknad til drap. Omstende og bevis tyder på at ho var skyldig, noko ho sjølvsagt påstår er feil.

Tida i fengselet går fort. Det er ikkje vrient å følge med, men det er ein snodig måte filmen hoppar framover i tid på. Plutseleg har eit og anna skjedd, nokon har blitt venner, og Sarah stiftar kjennskap med nye folk i takt med eit maskingevær.

Greia med denne Lifetime-filmen er at me aldri er sikre på om dama er skyldig eller ikkje. Ho er smart, hyggeleg, men også veldig manipulerande. Dessverre er det på grunn av tempoet og formidlinga ikkje stort med spenning knytt til denne delen av historia, likevel om han får tildelt nok tid.

She Made Them Do It kan best skildrast som ein lettare og kortare versjon av Orange Is the New Black. Det er ikkje mitt påfunn, men eg kan støtte det. Og til dette formålet er filmen god. Han har sine manglar som eg har vist til, men har likevel godt driv og ikkje minst kurante skodespelarar. Og då spesielt hovudrolla Jenna Dewan.

She Made Them Do It 2013 plakat - Filmdagbok