She Wants Me

Eg forventa ikkje mykje av She Wants Me. Filmen hadde ei kurant rangering på IMDb, så eg forventa at han skulle vere kurant underhaldning.

Kva som gjer at han feilar er ikkje vanskeleg å trekke fram. Det er enkelte deler av filmen som klart trekk ned heilskapsinntrykket. Eg startar uansett med det positive.

Skodespelarane gjer stort sett gode figurar, trass i eit tynt manus. Og historia kan i blant vere fin og søt. Det er stort sett det heile.

Det som trekk ned er for mykje tåpeleg snakking. Karakteren til Josh Gad snakkar konstant, men har eigentleg lite interessant å seie. Måten han gjer det på er god, det står som sagt ikkje på skodespelarane.

Historia er noko enkel og manuset er tynt. Det gjer at filmen blir opplevd som stagnerande, etter kvart irriterande kjedeleg, og når det opplagte konklusjonen kjem er eg klar til å trykke stopp. Ein opplagt eller lykkeleg slutt er fint, men eg er like fullt opptatt av at vegen dit er god.

Filmen kjennest ut som ein som er produsert i hel. Som i utgangspunktet hadde nokon gode idear om korleis ein søt og litt trist romantisk komedie kunne vere, men som feilar fordi så mykje anna tull må bli med. Og på toppen av dette måtte filmen få ein tittel som passar omarbeidinga. Dette er ikkje noko eg veit med sikkerheit, men det er ei ordlegging av kjensla eg sit igjen med.

She Wants Me 2012 plakat - Filmdagbok

Publisert

15. juni 2016 av

Regissør

Rob Margolies

Manusforfattar

Rob Margolies

Skodespelarar

Aaron Yoo, Alex Solowitz, Brennan Murray (I), Brian Kubach, Brit Morgan, Charlie Sheen, Curt Lowens, Debra Jo Rupp, Delfina Alden, Elizabeth BrissendenVis alle 99 skodespelarar

Sjanger

Komedie

Land

USA

IMDb

IMDb-side om She Wants Me