She Wore a Yellow Ribbon

Dette er ein god film, men eg blei nok likevel litt skuffa. Han er ikkje så bra som mykje anna med John Wayne i seg. I tillegg er filmen regissert av John Ford, som gir meg store forventingar.

I blant var filmen litt treg. Det er ikkje så altfor mykje action. Kanskje det hadde hjelpt viss karakteren til John Wayne hadde hatt ei større konflikt med ein annan offiser. Eg veit ikkje.

Det er ikkje ein dårleg film. Og det er ein fin film i fargar. Men han mangla litt av mykje, så eg vel å rangere She Wore a Yellow Ribbon litt over middels.

She Wore a Yellow Ribbon 1949 plakat - Filmdagbok