Sherlock Jr.

Buster Keaton er både kinomaskinist og detektiv i denne 45 minuttar korte filmen. Sherlock Jr. byr på nokon minneverdige fysisk komiske sekvensar og viser ein Buster Keaton i toppform. Mannen har ingen bowlerhatt eller bart, men er heilt der oppe i lag med Charles Chaplin, kanskje til og med betre.

At denne filmen er 85 år betyr ingen ting, humoren er tidlaus. Det einaste som ikkje strekk til er nokon få deler av filmen som drar litt ut, og får 45 minuttar til å verke lenge, men sett Sherlock Jr. i heilskap betyr det lite. Denne er i lag med The General ein appetittvekkar inn til Buster Keaton-verda.

Sherlock Jr. 1924 plakat - Filmdagbok