She's Funny That Way

Filmskapar Peter Bogdanovich har ikkje regissert mange kinofilmar dei siste årene. Og eg kan nesten ane at han har lagt mykje tid i å gjere samanhengen i She's Funny That Way komplett.

I ein film som på sett og vis kan minne om ein Woody Allen-komedie av det mindre nevrotiske slaget, får me kjærleik, utruskap, teater og New York. Eit solid knippe av skodespelarar er samla føre kamera. Hovudrolla innehar Imogen Poots, som er fantastisk i drakta til ein noko enkel karakter. Eit godt bilde på ein av styrkane til filmen, nemleg å gjere det enkle og typiske på ein veldig god måte. Alt frå tilnærma stereotypiske karakterar til komplikasjonane i kjærleik og forhold.

She's Funny That Way er komedien av typen eg traktar etter, der du får latter, kjensler og alt gåre føre seg i eit miljø som får sitt eige liv.

She's Funny That Way 2014 plakat - Filmdagbok