She's Having a Baby

Den mest seriøse filmen til John Hughes til dags dato. Dette handlar om ekteskapet til eit ungt par og dei første åra fram til dei skal ha baby.

Kevin Bacon gjer hovudrolla og spelar den tvilande ektemannen godt. Filmen er eit nyansert portrett av eit ekteskap som ikkje alltid går på skinner. John Hughes vel ingen billege dramatiske avstikkarar eller enkle løysingar, men viser mykje til tvil og freistingar undervegs.

Men det er slutten som spikrar filmen, ved sida av å heve pulsen tar han heile gangen i handlinga opp igjen til revurdering. Som at det er enkelt å fokusere på det negative.

She's Having a Baby 1988 plakat - Filmdagbok