She's Out of Control

Doug er åleinefar og lykkast godt med både dette og jobben som radioprodusent. Dette endrar seg då den eldste jentungen hans over natta går til ein vaksen stil og blir forvandla, frå ei jente til ei ung, attraktiv kvinne. For Doug er dottera Katie eit barn, og han er fast bestemt på å skytte ho frå flokken av unge gutar som ønsker å vere med henne.

She's Out of Control ligg i grenseland når det gjeld å vere ein ungdomsfilm, med Tony Danza som den eigentlege innehavaren av ei hovudrolle som faren Doug. Men så opptatt som han er av dottera Katie og hennar møte med gutar, inkluderer eg den i kanonen.

Doug sitt forsøk på å holde Katie (Ami Dolenz) unna omverda, frå stemnemøte og slikt, er overraskande underhaldande. Det fordi han følger råda til den noko spesielle psykologen og forfattaren Dr. Fishbinder (Wallace Shawn), og aldri framstår som den forventa mislykka gamlingen samanlikna med dottera si.

At Katie vel å møte gutar spelt av Dana Ashbrook og Matthew Perry gjer det heile så mykje meir underhaldande.

She's Out of Control 1989 plakat - Filmdagbok