She's the One

She's the One var den vanskelege andrefilmen til Edward Burns. Med The Brothers McMullen i 1995 vann han Grand Jury Prize på Sundance Film Festival, og hadde litt å leve opp til. Om filmen gjer det verken skal eller kan eg uttale meg om. Men eg skal prøve å formidle kva She's the One er som ein sjølvstendig film.

Me hamnar midt oppi eit drama som har gått føre seg ei stund, men som ikkje har tatt heilt av enda. Eit brødrepar, spelt av Edward Burns og Michael McGlone, er tilsynelatande på ulike stadium i livet, men har til felles at dei begge er prega av ulykkelege ekteskap. Førstnemnte, Mickey, som skilt. Andremann, Francis, som nyforelska i ei dame på si.

Så skjer det at Mickey giftar seg ut av det blå. Ballen startar òg samtidig å rulle for andre sine forhold som har hatt noko i gjære ei stund.

She's the One sine karakterar er på fint vis fletta inn i ein samanheng. Med brør, familie og damer. Det er ikkje komplisert, men det er eit interessant utgangspunkt for mange av samtalane i filmen. Familie og ekteskap er sentrale tema her, og filmen finn med det sin plass i filmografien til Edward Burns, der familie og ekteskap går igjen.

Dette er både ein film som gir deg god kjensle og er til ettertanke. Det handlar om å stole på eigne vurderingar for kva som gjer deg lykkeleg, og om det vanskelege terrenget som er å vekte andre sine meiningar mot fakta. Som faren til Mickey og Francis seier i filmen, spelt av John Mahoney, han unnskyldar seg for at han har påtvinga dei sitt syn på kvinner.

Og då er me der kor filmen reflekterer over intensjonar og resultat. Men også der filmen reflekterer over oppvekst, det å finne sin eigen veg uavhengig av foreldre, men også korleis verdiar blir sittande. Det flotte med She's the One på dette område er at det blir tatt opp, men eg får ikkje nødvendigvis inntrykk av at filmen skal hamre inn ein bestemt bodskap.

She's the One 1996 plakat - Filmdagbok