Shi gan

Ein film som tvers over har fått skryt og har hamna på fleire topplister.

Årsaka til at eg så denne i kveld var først og fremst at han passa perfekt i lengde, og han kom også naturleg inn i ein meir asiatisk filmperiode eg nesten litt tilfeldig er inne i. Også sjølvsagt på grunn av nemnde listeplasseringar. Utan dei så hadde eg nok aldri sett denne filmen. Alle viktige faktorar som har ført til at eg no er i eit glad og trist humør. Glad fordi filmen er god og ektefølt, trist fordi filmen er ei litt tragisk historie.

Dei fleste veit nok at denne filmen handlar om venleiksoperasjon, om eg torer å gi det eit slikt namn, for målet er jo å sjå vakrare ut. Eg skal ikkje nekte for at dama i filmen her blei ganske så pen, men i mange tilfelle ser slike operasjonar ut til å gi kunstige dokkeaktig preg. Nok om det. Det er Seh-hee og Ji-woo det handlar om her, førstnemnte er dama som bestemmer for å forandre på seg, og den andre personen er kjærasten som Seh-hee si forsvinning og påfunn går ut over. Litt trist er nok dette, men det fører også til ein del komiske situasjonar, filmen manglar nok ikkje på lyspunkt.

Å røpe meir av historia blir vrient utan å øydelegga filmopplevinga, sjølv om det ikkje byr på dei store overraskingane her så er det greit å finne ut av ting på eiga hand. Men forvent ein veldig god film, for det er i grunn det dette innlegget handlar om.

Shi gan 2006 plakat - Filmdagbok