Shi mian mai fu

Som stor fan av kampsportfilmar såg eg fram til denne filmen heilt frå første gong eg høyrte om han.

Ying xiong er ein av filmane eg set høgt, og med Shi mian mai fu som den nyaste filmen til regissøren bak Ying xiong, Yimou Zhang, hadde eg store forventningar. Det var ikkje så mykje slåsting som eg hadde trudd det kom til å bli, men likevel ein god del. Det romantiske var sentralt i filmen, både i historia og bilde.

I Ying xiong handlar det meir om kampar, og det romantiske var meir i bakgrunnen. Ein fin ting med filmen er at han, i desse dagar med mange spesialeffektar, ikkje overdriv med altfor fantastiske rørsler. Sjølv om det nok er litt. Filmen er elles vakker og strålar med god fargebruk. Handlinga er lagt til hausten, som i Ying xiong, så Yimou Zhang har flittig brukt haustfarga tre i bakgrunnen.

Shi mian mai fu 2004 plakat - Filmdagbok