Shibuya Fifteen

Etter lang ventetid fekk eg sett ferdig dei to siste episodane, ettersom det ikkje var den raskaste kjelda eg fann fram til. Serien handlar om ein gjeng 15-åringar som i gjengar slåst om ulike område i Shibuya, ein bydel i Tokyo. Men det er ikkje det vanlege Shibuya det er snakk om, men eit avsperra eit der det skjer mystiske saker som ingen kan forklare.

Serien startar med at Tsuyoshi vaknar opp i ei sidegate med ein lapp i munnen der det står at han må komme seg ut av Shibuya. Litt etter litt finn han ut at ting ikkje er som det skal vere, og prøver å ordne opp, men det er lettare sagt enn gjort. For kontrollen over Shibuya er ikkje så lett tilgjengeleg.

Førsteinntrykket mitt av denne japanske serien var heller labert. Med ein klippefrekvens og ei kameraføring som ein typisk MTV-serie blei eg litt oppgitt første episode, men det tok seg veldig opp heilt på slutten, og eg måtte sjå neste episode umiddelbart. Når eg i løpet av andre episode kom meg meir inn i den spesielle og mystiske historia fanga serien interessa mi ein del meir, og med ein god og open slutt i kvar episode så eg det eg hadde tilgang til heile vegen.

Eg har aldri sett ein japansk serie før, bortsett frå anime, og er ikkje så kjent med korleis dei andre er. Her er det dessutan barn og ungdom som spelar i rollene. Men det fungerte rimeleg greitt, og klarar eg å oversjå dei litt teite kommentarane til Piece eller dei rare stilane til folk elles, så er det duka for god underhaldning.

Shibuya Fifteen 2005 plakat - Filmdagbok