Shichinin no samurai

Film · 1954 · · 6. juni 2006
3/5

Sidan eg har sett The Magnificent Seven tidlegare, føler eg det er greitt å ta denne opp her. Shichinin no samurai er ein Akira Kurosawa-storfilm.

Toshirô Mifune, Kikuchiyo i filmen, blir ofte rekna som den store stjerna, men Takashi Shimura, som spelar Kambei Shimada, er kanskje den mest autoritære karakteren.

Toshirô Mifune fekk meg til å tenke på anime, og Great Teacher Onizuka. Hans litt dumme, men stolte og handlande person er ei kjent oppleving frå meir enn ein anime.

Samanlikna med Hollywood-versjonen, The Magnificent Seven, er denne både lenger og betre. Bandittane er ikkje sett på som individ her, og samuraiane er tydelegare heltar enn drapsglade. Alt utanom bilde og lyd kan seiast å vere betre i denne. Svart og kvitt bilde er ikkje problemet, men heller at bilde her var litt utydeleg og at eg ikkje fekk den heilt gode oversikta overalt.

Filmen er kanskje mest kjent under sin engelske tittel The Seven Samurai.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Shichinin no samurai 1954 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Toshirô MifuneTakashi ShimuraKeiko TsushimaVis alle

Sjangrar

Land