Shotgun Wedding

Omtrent samtidig som Netflix premierte tv-komedien Bad Samaritans kom også filmkomedien Shotgun Wedding ut.

Filmen er ein mørk komedie som ser lyst og useriøst på ei rekke drap som skjer før og under eit bryllaup.

I dokumentarisk stil med handhelde kamera blir filmen presentert som ein påkosta bryllaupsvideo. Innleiinga og innpakking er god, den rike familien til brura betalar for filminga. Arbeidet med å forklare ting er gjort godt.

Få overraskingar trekk ned heilskapen. Ting skjer på rekke og rad, men for min del er overraskingar ein vesentleg del av komedie. Kjensla av noko nytt, som dessverre ikkje er til stades.

Shotgun Wedding 2013 plakat - Filmdagbok