Shovel Knight

Med stilen til eit godt gammalt plattformspel har Shovel Knight det enkle og pikselerte uttrykket som ser ut til å appellere både for meg og mange andre for tida.

Helten vår i dette spelet er ein riddar med ein spade, som kan bli brukt til så mangt. Det handlar om å komme seg frå start til mål på brett av ulike vanskegrad.

Det eg set stor pris på her er at bretta er utfordrande, og krev mange forsøk. Men spelet er designa sånn at det går an å starte på nytt fleire gonger utan å bli for irritert.

Meistringskjensla når bretta blir runda merkast, noko ikkje alle spel får til. Dessutan ser dette spelet flott ut, og har kule kart og spesielle brett med landsbyar du kan besøke for å handle mellom dei utfordrande bretta.

Shovel Knight 2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

28. januar 2015 av

Regissør

Sean Velasco

Sjangrar

Animasjon, Action, Eventyr, Komedie, Fantasi

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Shovel Knight