Shurayuki-hime: Urami koiuta

I Shurayuki-hime: Urami koiuta møter me igjen kvinna som i Shurayukihime var ute etter hemn. Etter all faenskapen ho gjorde i første filmen har ho fått politiet på nakken.

Filmen er full av rare val, scener og ei vag historie. Sånn sett når han ikkje opp til sin forgjengar, sjølv om heller ikkje det var ein topp film. Og sjølv om begge to får same rangering av meg.

Ein del hopp framover i filmen, så er det iallfall klart at kvinna rottar seg saman med ein anarkist mot staten og det fæle politiet som visstnok drep all motstand mot regime. Som eg forventa så blir det ein del blodsprut og slåsting med sverd her.

Av dei mest minneverdige augneblinkane er det rare. Ei malplassert og snodig sexscene som kjem ganske brått på. Dryg zooming som ikkje alltid treff målet. Men i det store og heile er dette ein unødvendig film å sjå etter å ha sett den første Lady Snowblood-filmen, som i det minste har ei god og personleg hemnhistorie om kvinna.

Shurayuki-hime: Urami koiuta 1974 plakat - Filmdagbok