Shurayukihime

Shurayukihime er filmen om ei ung kvinne som set ut for å hemne ugjerningane som blei gjort mot mora og faren. Heile livet hennar har vore målretta trening til dette.

Fire personar skal døy i denne stilfulle japanske kultklassikaren. Ein film eg første gang høyrte om i samband med Kill Bill av Quentin Tarantino. Bilde og lyd blir brukt etter alle regler for å gi dette eit distinkt preg. Freeze frame og kutting av lyd ligg høgt på lista, og er effektfulle verkemiddel. Og som tittelen kan gi inntrykk av, så er dette ei blodig affære.

Shurayukihime er ein god film. Største kritikken eg kan gi er at det i blant stoppar litt opp. Men utover det er dette både god historie og underhaldning. Sjølv om filmen drar på åra, er det ingenting som verkar datert. Tvert i mot framstår dette som ein original film og eit frisk pust, trass i at eg har sett min del filmar før eg komme til denne.

Shurayukihime 1973 plakat - Filmdagbok