Shutter

Ein på mange måtar typisk asiatisk skrekkfilm, som legg vekt på fotografiet som medium der ånder eller spøkelse viser at dei finst. Protagonisten Tun (Ananda Everingham), som dukka opp på skjermen akkurat når eg sette mitt første jafs i ein tunfisktortilla, er fotograf og såleis omringa av bilde store delar av dagen. Både nye og gamle bilde. Ein dag merker han at nokon av bilda som er tekne ved hans gamle college, har ein kvit skugge på seg. Omkring samtidig byrjar skikkeleg skumle ting å skje.

Det som eg likte med denne filmen, i tillegg til det at han gav meg over gjennomsnittleg med reisande hår i nakken og fekk meg til å skvette ein del, er klippinga. Opplegget går ut på at filmen gir ei scene som er relevant; når poenget med scena er komme fram så blir det klipt, gjerne brått, men elegant, over til ei ny scene. Enkelte spørsmål kan eg stille meg til kva som hendte i mellom, men det er ikkje nødvendig for meg å vite. Og filmen får eit godt tempo og ei perfekt lengd på grunn av dette og.

Shutter 2004 plakat - Filmdagbok