Si le vent soulève les sables

Ein afrikansk familie blir tvinga til å flytte på grunn av langvarig vassmangel. Med kone, to søner og ei dotter på slep legg Rahne i veg mot nordaust. Dette skal bli ein hard tur, vassmangelen strekk seg over store landområde og vegen er full av bandittar, opprørarar og slu militære.

Sjølv om eg aldri blei rørt er Si le vent soulève les sables ein trist film. Det skjer dødsfall og andre tragediar undervegs som familien rett og slett ikkje kan ta seg råd til å ta seg nær av. Vassmangel er eit stort problem og filmen slår aldri fast at dette skjer på ein spesifikk plass for å framheve dette. Handlinga går føre seg i eit behageleg tempo utan å bli kjedeleg. Filmen er som nemnt ikkje rørande, men interessant.

Si le vent soulève les sables 2006 plakat - Filmdagbok