Side Effects

Film / 2013
3/5

Drap i skuggen av biverknadane til antidepressiva er hovudsaka i Side Effects, ein stjernefylt Steven Soderbergh-film frå 2013.

I hovudrollene er Rooney Mara som depressiv og Jude Law som psykiater. Karakterane til Rooney Mara og Jude Law har ulike inngangar til kontakten med antidepressiva, og liva dei blir snudd på hovudet av dramatiske biverknadar som følger av bruk.

Side Effects har strålande skodespel, ei solid historie og handling som gradvis byggjer opp til slutten av filmen. Ved å gi litt og litt unngår han kritiske punkt der nok er nok. Eit eksempel er etter oppbygginga i ein superheltefilm, då det gjenstår ein obligatorisk kampsekvens. Det er også sånn at historia er fortalt på ein god måte, men det var ikkje historia i filmen som fekk meg til å sjå han.

Det tar ikkje heilt av. Retninga filmen tar er til tider opplagt. Det er valet om kva reaksjonar og mottrekk karakterane gjer som verkeleg lyser opp filmen. Dei små forbetringane frå det typiske filmlandskapet som gir det positive inntrykket av at filmskaparen både kan og vil respektere filmmediet og publikummet.

Det er med Side Effects som det gjerne er med andre Steven Soderbergh-filmar, han ligg over gjennomsnittet, men under det beste.

Side Effects 2013 plakat - Filmdagbok

Publisert

17. mai 2013 av

Regi

Steven Soderbergh

Manus

Scott Z. Burns

Skodespelarar

Rooney Mara, Carmen Pelaez, Marin Ireland, Channing Tatum, Polly Draper, Ann Dowd, Haraldo Alvarez, Jude Law, James Martinez, Vladimir VersaillesVis alle 94 skodespelarar

Sjangrar

Krim, Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Side Effects