Sideways

Før første gang eg såg denne filmen hadde eg ingen aning om kva eg gjekk i gang med. Ein film om vin, og eg som ikkje likar vin heller. Om smaking og drikking. Men så, om kvinner, det er betre saker. Humoren er av den varme fine typen, musikken med soft jazz passar perfekt.

Jack (Thomas Haden Church) er heilt ulik frå vennen sin, Miles (Paul Giamatti). Eg lurer på korleis dei møttes. Når eg ser Miles her, kan eg ikkje unngå å tenke på karakteren Harvey Pekar frå filmen American Splendor, mest fordi det er den same skodespelaren sikkert, men også fordi det er tragikomiske figurar begge to.

Dette er ein fantastisk film og ein eg har sett igjen. Karakterane er humane og Paul Giamatti er perfekt som deprimert vinelskar og forfattar. Hjelparen Thomas Haden Church er vel så viktig som motstykke til Paul Giamatti som han er den livlege i filmen.

Plasseringa av filmen i California tilfører ein varme til ein film som like gjerne kunne ha blitt tragisk om sett til kalde austkysten. Anbefalt.

Sideways 2004 plakat - Filmdagbok